Josefine er ny bunadtilverkarlærling

20 år gamle Josefine Ingebretsen Hauen frå Oslo starta 1. september som lærling hjå bunadsaumar Bodil Enger i Skammestein i Valdres. Bodil vart tidlegare i år godkjend som lærebedrift, og Josefine skal arbeide to år saman med Bodil for å lære bunadtilverkar-faget. Då kan Josefine gå opp til sveineprøve.

Tekst og foto: Helge Gudheim

– Det er litt tilfeldig at eg har hamna her. Eg har ingen tilknytning til Valdres frå før, men møtte Bodil som lærar på tradisjonskunststudiet med tekstil som fordjuping i Rauland. Det er ein del av Universitetet i Sørøst-Norge (USN), fortel Josefine.

Ho seier ho synest bunadfaget er veldig spanande.

– På vidaregåande gjekk eg linja for handverk/design/produktutvikling. Der hadde me fokus på klesindustrien, og eg lurde på korleis dette med klede var før den tida. Difor har eg lyst til å lære meg dette handverket, før eg eventuelt utdanner meg meir teoretisk.

Etter svenneprøva er yrkestittelen bunadtilverkar, men ho veit ikkje om det er det ho kjem til å ende opp med som yrke. Ho seier ho reiste til Rauland fordi ho var lei av å bu i Oslo, og så gjekk vegen vidare til Valdres.

Bodil fortel at ho alltid har hatt lyst til å ha lærling.

– Men det er fyrst no, etter at eg ved nyttår fekk meg ny systove, at eg har hatt plass til å kunne ta imot nokon. Fleire har spurt om å bli lærling hjå meg tidlegare, men mange har vore eldre enn meg sjølv, og det blir noko feil når ynskjet er å sikre at kunnskapen rundt bunadtilverkarfaget skal gå vidare til dei neste generasjonane. Så når det no kom ei ung jente som vil lære eit slikt handverk, så synest eg det er hyggjeleg.

Bodil seier at lærlingen skal vera med å produsere alt frå starten, men no i byrjinga er det alle dei ulike stingtypene, pressing og enkel klypping det går i.

– Eg synest det er fint at eg kan lære vedkomande opp til å arbeide slik eg gjer det. Dette er eit fag der ein må kople teori med det praktiske. Omsaum også er ein del av faget. Og skal ein leva av dette, så må ein vera bevisst på å ha eit visst driv i arbeidet. Det er det som kjem ut av hendene våre som gjev oss "salt i maten". Me arbeider også med kostbare råvarer, og ting tek tid, seier Bodil.

Josefine får lønn i læretida, og Bodil får noko økonomisk tilskot via fylkeskommunen for å ha henne i arbeid. Det er også ekstra tilskot fordi bunadtilverkarfaget er eit tradisjonshandverk. Bodil har måtte laga ein opplæringsplan for å kunne ta imot lærlingen.

Josefine og Bodil har fleire gonger denne hausten vore på Valdres Folkemuseum for å sjå på eldre draktplagg – mellom anna fleire rullar (hovudplagg for gift kvinne). Det har ført til at Josefine held på å skrive ei oppgåve nettopp om rullane frå Valdres som ein del av deltidsstudiet Bunadbruk og folkedrakthistorie, som ho går på i Rauland no i vinter.

___________________________________________________________________________________________________________________________

Vi er på Arendalsuka !

Måndag 10. august stilte vi i frivilligteltet på Arendaluka med problemstillinga Bunad på Unesco, kva nå? Bunadmote og trendar, korleis møte ein marknad i utvikling? Etterpå arrangerte vi bunadkafé hjå Norsk Flid Husfliden i Arendal. Les om korleis arrangementa gjekk

Nå er det godt og vel halvanna år sidan Bunadbruken i Norge, tradisjonshåndverk og sosial praksis vart innskriven på UNESCO sin representative liste over menneskehetens immaterielle kulturarv.
Arbeidet har berre såvidt begynt. Vi har mange ballar å halde i lufta: mangel på systover og lærlingplassar, for låg rekruttering til faget, vi må jobbe for betre utdanningsmoglegheiter, og vi må saman med fagmiljø, brukarar, og staten skape eit lag rundt fagfeltet.

Alt dette er store område og langsiktig arbeid. Og midt i dette store, møter vi det som i nået er noko mindre, men likevel ikkje ubetydeleg:

Korleis skal vi møte utvikling og endring innanfor bunadfaget? Korleis skal vi handtere og kome i møte motar og trendar? Der noko er som døgnfluger å rekne, og noko er kome for å bli, opp mot tradisjonar og normer? Korleis skal vi balansere det nye?


I eit samfunn der nye generasjonar tek bunaden i bruk, må vi sikre at kunnskap om handverk, bruk og symbolikk faktisk når fram og flyt mellom generasjonane, og vi må sørgje for å også halde tradisjonen levande og i utvikling.
I panelet: Camilla Rossing , leder for Norsk Institutt for bunad og folkedrakt, Siri Sveen Haaland , daglig leder i Sidserk AS, Kahtrine Gregersen, Det Norske Samlaget tidligere husflidskonsulent og ansatt i Norsk Flid Kristiansand/Mandal, Hanne Jakelln, generalsekretær i Norges museumsforbund, Lill Engeseth Andersen, lærling hjå Norsk Folkedraktforum og Terje Lia, styremedlem i Norges Husflidslag.

Både panelsamtale og bunadkafé arrangert av Studieforbundet kultur og tradisjon, Norges Husflidslag, Noregs Ungdomslag, Norsk institutt for bunad og folkedrakt og Norsk Folkedraktforum.

Til arrangementet panelsamtale

Til arrangementet Bunadkafé

Frå panelsamtale på Arendalsuka 2025

Bunadglede – Ny oppskriftsbok ute!

Ny oppskriftsbok ute nå! Bunadglede er for alle som er nysgjerrige på bunad. 84 sider som gir deg smakebitar på prydsaum, montering og ulikt tilbehøyr. Boken er krydra med historiske anekdotar og fagartiklar. Bakarst finn du eit fyldig stingbibliotek.

Kjøp den på husflid.no/nettbutikk/boker/bunadglede eller i din næraste bokhandel Vi håpar boka vil inspirere nybegynnarar og gryande bunadsentusiastar i alle aldrar

Bunadglede er blitt til med støtte frå Sparebankstiftelsen DNB


Fagdagane i bunad og folkedrakt 2026 – Programmet er klart!

Vi har gleda av å ønske velkomen til to dagar fylt med inspirasjon, fagleg påfyll og sosialt samvær under årets Fagdagar 1.–2. september 2026 på Fagernes. I år løfter vi stakkane og inviterer til å komme tett på tradisjonen under årets tema- strømper, sko og tilbehøyr. Her får du høve til å fordjupe deg i detaljane som fullfører bunaden, lære av dyktige fagfolk og møte andre med same interesse. Det faglege står i høgsetet på Fagdagane, men like viktig er møtet mellom menneske som deler engasjementet for bunad og tradisjon.

Fagdagane er eit samarbeid mellom Norges Husflidslag, Noregs Ungdomslag, Studieforbundet kultur og tradisjon, Norsk Folkedraktforum, og Norsk institutt for bunad og folkedrakt. Fagdagane er for alle som arbeider med, eller er interesserte i folkedrakt og bunad.

Detaljer av rekonstruert bunad frå Sunnfjord. Foto: Anne-Marte

Detaljer av rekonstruert bunad frå Sunnfjord. Foto: Anne-Marte Før


Ny rapport:

Bunaden lever – og fleire syr sjølve!

Fleire unge ønskjer å sy heile eller delar av bunaden sin, viser ny rapport. Med rettleiing vil over 1 av 3 kvinner gjere det sjølv!

Visste du at meir bunad blir sydd i Noreg enn vi har trudd?

Trass i mykje utanlandsproduksjon, viser rapporten at det spirer i systover over heile landet – og interessa er aukande!

Halvparten av nye bunader blir laga heilt eller delvis i utlandet

Det svekkar både handverket og kunnskapen vår. Rapporten viser kvifor det haster å sikre lokal produksjon

Du kan lese heile rapporten her!

Last ned bunadbrosjyren vår:

Bidra med minner og delta i forskningsarbeid:

Se filmen om bunad og bunadbruk:


Følg oss på Instagram for flere bilder og historier: