Bunad for alle?
Når bunadbruk og bunadhandverk berre kjennest mogleg på bestemte premissar, blir bunaden mindre folkeleg. Vi treng fagkunnskap, men vi treng òg tillit til at folk kan lære, prøve seg og bruke bunaden utan å «ha alt klart».
Kvar vår blussar debatten kring bunaden opp. Må eg ha hovudplagg? Kan eg bruke joggesko? Kva med silketørkle og fargerike skjorter? Slike spørsmål kjem att år etter år. Det meir interessante å spørje seg er heller: Korleis kan fleire få reell tilgang til bunaden, som plagg, handverk og kulturarv?
Bunaden er meir enn eit festplagg. I 2024 vart Bunadbruk i Noreg, tradisjonshandverk og sosial praksis skriven inn på UNESCO si liste over immateriell kulturarv. Det minner oss om at kulturarven ikkje berre ligg i stoff og sølv, men og i bruken og i kunnskapen som går i arv mellom menneske.
Det moderne livet side om side med eldre kuturarv. Foto: Torunn Elise Kveen
Ei uro vi bør ta på alvor
I bunadmiljøet har det vore peikt på ei uro: Handverkstradisjonar kan bli svekte dersom terskelen for å lære og å delta blir for høg. Når færre kjenner at dei kan sette seg inn i bunadssaum, reparasjon og vedlikehald, mistar vi noko av det folkelege kunnskapslaget bunadtradisjonen kviler på.
Samtidig må vi halde fast ved noko som òg er sant: Fagkunnskap er heilt avgjerande. Bunadtilverkarar, forsking- og dokumentasjonsmiljø og dei som sikrar kvalitet i teknikkar og materiale, ber mykje av ansvaret for at bunaden blir teken vare på. Utfordringa er å styrke fagmiljøa – utan å stenge dørene for dei som vil lære å lage sjølve.
Bunad skal fyrst og fremst føre med seg glede og stolheit. Foto: Torunn Elise Kveen.
Unge vil lære
Statusrapporten Bunad nå! Status 2025 viser at mange unge ønskjer å sy heile eller delar av bunaden sjølve, så lenge dei får rettleiing. Det er eit gledeleg teikn. Slik kan bunaden framleis vera ein inngang til praktisk skaparglede.
Likevel opplever mange at det er vanskeleg å kome i gang. For ein del bunadar er det krevjande å få tak i materiale utan å gå på kurs fyrst, og somme møter stengde dører når dei ber om metervare eller delar dei treng. Ordningane kan ha gode grunnar, som kvalitetssikring, avgrensa lager, leverandøravtalar og ønskje om at folk skal lykkast. Likevel kan effekten bli at bunadssaum kjennest som noko vi berre kan lære på bestemte premissar, i staden for noko vi gradvis kan sette oss inn i og meistre.
Når terskelen blir for høg, tapar vi på fleire måtar. Færre tør å gjera enkle reparasjonar og bunaden blir meir sårbar i bruk. Den folkelege kunnskapen blir svakare, fordi fyrste møtet med bunadhandverk kan kjennast både dyrt, utilgjengeleg og berre for dei faglærde.
Når du sjølv, eller nokon du kjenner, har bidrege med noko på bunaden, blir han meir enn berre eit plagg. Han blir eit minne du kan ta på. Og, ja, det kan også vera det som gjer at du kjem i mål økonomisk.
Statusrapporten Bunad nå! Status 2025 viser at mange unge ønskjer å sy heile eller delar av bunaden sjølve, så lenge dei får rettleiing. Det er eit gledeleg teikn. Foto: Torunn Elise Kveen
Kva kan opne dørene?
Om vi meiner alvor med bunadglede for alle, må vi sjå på korleis læring og tilgang fungerer i praksis. Rettleiing treng ikkje alltid å vera lik kostbare kursløp. For mange er gode instruksjonar, opne fagkveldar eller enkel rettleiing undervegs nok til å kome i gang. Like viktig er det å gi folk tillit til å prøve sjølve. Vi må stole på dei som har erfaring, eller som har tilgang på kunnskap gjennom familie, venner eller andre med handverksbakgrunn. Du skal ikkje måtte gå på eit nytt kurs for kvar stakk du sett i gang med.
Reparasjon og omsaum bør òg bli ein meir naturleg del av bunadbruken. Å tilpasse, lappe eller sy om ein bunad er ei viktig vidareføring av tradisjonen, og eit konkret uttrykk for berekraft. Det same gjeld brukt bunad. Når ein bunad får gå i arv eller blir seld vidare og tilpassa ein ny brukar, blir han ei kjelde til ny glede og eit godt berekraftig val.
Og så er det verdt å poengtere ein viktig ting: Du treng ikkje å «ha alt klart» før du kan bruke bunaden. Bunaden er fyrst og fremst ein brukstradisjon. Har du ikkje sylvbelte, hovudplagg eller alle delane på plass, kan du likevel gå i bunad med det du har. Tilbehøyret kan kome etter kvart, eller ikkje i det heile.
Fem organisasjonar – Norges Husflidslag, Noregs Ungdomslag, Norsk institutt for bunad og folkedrakt, Norsk folkedraktforum og Studieforbundet kultur og tradisjon – samarbeider for å styrke bunaden som tradisjonshandverk og sosial praksis. Dette arbeidet handlar i praksis om å ta vare på kvalitet og kunnskap, samtidig som fleire får ein veg inn.
Bunaden som felles eigedom
På 17. mai går vi ikkje i bunad for å bestå ein test. Vi går i bunad for å feire, høyre til og kjenne oss som del av noko større. Da må bunaden romme både dei som har fagbrev og dei som har lyst til å prøve, dei som «kan alt» og dei som vil lære. Og han må romme dei som ikkje bryr seg om noko anna enn å ha på seg det finaste dei har.
Bunadglede handlar om å opne dører, ikkje å stengje dei. Spørsmålet er om vi held døra open for alle.
På 17. mai må in bunad kunne brukast. Denne jenta brukar den sanneleg “på begge sider”. Foto: Torunn Elise Kveen