Vi syr meir bunad i Noreg enn vi trudde – og dei unge vil lære!

Tekst: Lene Storhaug

– Vi står no midt i mai – ein månad fylt av festdagar, nasjonalkjensle og sterke symbol. Og få symbol står sterkare i det norske fellesskapet enn bunaden. Ho bind saman generasjonar, landsdelar og folk. Ho viser tilhøyrsle – og ho vekkjer kjensler. Difor er det med stor glede og stoltheit vi i dag legg fram rapporten Bunad nå! Status 2025.

Slik opna dagleg leiar for Norges Husflidslag, Ellen Krageberg, frukostmøtet måndag 13. mai 2025. Eit knippe stortingsrepresentantar var invitert til Kaffistova for å høyre resultatet frå rapporten som arbeidsgruppa bak nominasjonen har tinga, og som er skriven av Mette Vårdal.

Rapporten om bunadbruk i Noreg slår fast at ein større del av bunadproduksjonen skjer i Noreg, og at unge – spesielt kvinner – i aukande grad ønskjer å sy heile eller delar av bunaden sin sjølv, så lenge dei får rettleiing. Les rapporten her!

Mette Vårdal presenterar rapporten Bunad nå! Status 2025. Foto: Noregs Ungdomslag/Lene Storhaug

Leiar i Norges Husflidslag, Ellen Krageberg, ønskjer velkomen til frukostmøte på Kaffistova. Foto: Noregs Ungdomslag/Lene Storhaug

Det er eit viktig og gledeleg funn. Rapporten gir eit meir nyansert bilete av produksjon og interesse enn det offentlege ordskiftet til vanleg formidlar.

– I fleire år har debatten vore dominert av uro for tap av kunnskap og utflagging av produksjonen. No får vi eit meir samansett bilete. Det blir produsert meir i Noreg enn mange trur, og det spirer ei ny interesse blant unge for sjølv å lære og bidra, seier Mette Vårdal, historikar og forfattar av rapporten «Bunad nå! Status 2025».

Halvparten av nye bunader blir truleg laga i utlandet – men tendensen snur

Rapporten estimerer at rundt 45 prosent av bunadene som vart selde i 2024 er heilt eller delvis utanlandsproduserte. Det er særleg dei store produsentane som står for dette. Samtidig viser undersøkingar at fleirtalet av forbrukarane er opptekne av at bunaden skal vere laga i Noreg, og produsentane melder om aukande etterspurnad etter lokal produksjon, reparasjon og omsaum.

– Det skjer ei viktig haldningsendring. Bunadkjøparar er opptekne av at bunaden skal vere laga i Noreg, og at det ligg solid fagkunnskap bak, seier leiar for Norsk institutt for bunad og folkedrakt. Ho peikar på ei konkret interesse for kvalitet, opphav og handverk. Det handlar om å ta vare på ei levande kulturarv som er tett knytt til både identitet og miljømessig berekraft,

UNESCO-innskrivinga i desember 2024 har truleg vore ein viktig faktor i å styrke merksemda kring bunad som levande kulturarv. Rapporten legg grunnlag for vidare arbeid med kunnskapsformidling, rekruttering og styrking av bunadproduksjon i Noreg.

Unge kvinner vil lære – men dei må få tilgjenge

Eit av dei mest oppløftande funna i rapporten er at unge – særleg kvinner – uttrykkjer vilje til å sy delar av bunaden sjølv, dersom dei får rettleiing. Heile 37 prosent av kvinnene i undersøkinga svarer at dei kunne tenkje seg dette. Dette samsvarar med auka interesse for bunadkurs i regi av frivillige organisasjonar.

Statssekretær Trude Storheim frå Arbeiderpartiet var til stades på frokostmøtet, og heldt ein innledende tale. Ho kunne fortelle at ho sjølv eiger tre bunadar, og den eine har ho sydd sjølv – ein helgastakk frå Voss, som ho laga på kurs. Her opplevde ho ein raus deling av kunnskap, god rettleiing og ei oppleving av å bli løfta inn i eit fellesskap. - Vi har noe å lære av bunaden, seier Storheim. I ei tid der berekraft og sirkulær økonomi står høgt på agendaen, er bunaden eit døme på varig kvalitet, lokalt handverk og lang levetid. Eit plagg som går i arv, som kan syast om, reparerast og brukast livet gjennom – og vidare.

Statssekretær Trude Storheim. Foto: Noregs Ungdomslag/Lene Storhaug

Politisk semje om bunaden si framtid

Under frukostmøtet fekk tre stortingsrepresentantar ordet for å dele sine eigne erfaringar med bunad, og sine tankar om kva som må til for at denne levande kulturarven skal få ei trygg framtid. Frå SV kom Kathy Lie, frå Sp Åslaug Sem-Jacobsen, og frå Frp Silje Hjemdal. Trass i ulikt politisk ståstad var det mykje som samla dei tre i samtalen om bunadens verdi – både som symbol og som handverk.

Kathy fortalde at ho sjølv fekk sin første bunad som førtiåring. Det var ein familiebunad i ordets rette forstand: mora broderte, svigermora sydde stakken, og resten – sølv, belte og detaljar – fekk ho i gåve frå nære. Ho ber ein Telemarksbunad og seier det er nettopp dei personlege banda, handverket og historia bak kvar del som gjer bunaden så spesiell. – Eg synest det er utruleg spennande det som skjer no, sa ho, og viste til både debattklimaet og det politiske arbeidet som har følgt i kjølvatnet av UNESCO-innskrivinga.

– Rapporten viser korleis økonomi påverkar tilgangen til bunad. Det er rett og slett eit klasseskilje mellom dei som har råd, og dei som ikkje har det, sa Åslaug Sem-Jacobsen. Det må vere rom for rimelige alternativ. Det er flott at det finnes festdrakter frå Sparkjøp, som rimelige alternativ til bunad. Men det er også viktig at ein bruker dei riktige termene, og ikkje kallar noko for ein bunad om det ikkje er det.

Silje Hjemdal frå Frp kom med fleire personlege betraktningar. Ho eig ein bergensbunad, men bur no på eit småbruk i Os og ønskjer seg osbunad.

– Då eg var 18, kjøpte eg eit belte for gifte kvinner. Det var ganske uhøyrt då. Men eg er jo framleis ugift! sa ho med ein latter. Ho meinte mykje har endra seg sidan 80- og 90-talet, og at vernet om bunaden i dag handlar like mykje om bruk som tradisjon.

Då spørsmålsrunda kom i gang, fekk utdanning og rekruttering mykje merksemd. Åslaug peikte på at det faktisk finst eit marknadspotensial:

– Dette er noko ein kan leve av, og staten må bidra med støtte til organisasjonane og ein eigen ordning for immateriell kulturarv.

Ho ønskte seg òg ei merkeordning for tekstilar, på linje med mat, for å styrkje statusen til norsk produksjon. Ho innrømte samstundes at det er krevjande å få på plass utdanning i kvart fylke, men meinte landslinjer kunne vere eit godt alternativ.

F.v Silje Hjemdal (FrP) og Åslaug Sem-Jacobsen. Foto: Noregs Ungdomslag/Lene Storhaug

Kathy Lie (SV) stilte i Beltestakk frå Telemark. Foto: Noregs Ungdomslag/Lene Storhaug

Silje var samd i behovet for å styrkje kunnskapen, men minna om at det ikkje finst eitt tiltak som løyser alt. – Vi må sørgje for at barn og unge får tilgang til eit mangfald av aktivitetar, og kurs der dei kan lære å lage delar av bunaden sjølv. Ho nemnde òg at ei merkeordning tidlegare har blitt avvist i EU-systemet, men at forbrukarar likevel har rett til å vite kva dei kjøper.

Kathy tok ordet og snakka om brotet i kunnskapsrekkja. – Før lærte ein søm heime. No må det finnast tilbod utanfor heimen, sa ho, og understreka kor nyttig slik grunnleggjande kunnskap er – òg utanom bunadssamanheng. Ho peika vidare på behovet for stabile støtteordningar og at det ikkje bør vere slik at frivillige heile tida må søkje prosjektpengar.

Ein gjentakande tema dei siste åra har vore ønsket om å fjerne moms på omsaum og reparasjon av kle. Kathy meinte dette burde sjåast på: – Vi må gi insentiv for å reparere og ta vare på det vi har.

Åslaug kunne fortelje at dette alt er programfesta i hennar parti, og at det truleg vil tvinge seg fram uansett: – Ein bunad blir sydd ut og inn gjennom livet, og det krev arbeid. Silje minna om at ho har kjempa for dette tidlegare, men tapte på eige landsmøte. – Det er EU-regelverk vi må sjå nærare på. Men det er ikkje alt som kjem frå EU som passar oss – som den diskusjonen vi hadde på Arendalsuka om at polyester skulle vere meir berekraftig enn ull... (Arendalsuka 2022)

Siste spørsmål gjekk rett på: Kva er det viktigaste tiltaket? Silje svarte kort: – Følg opp UNESCO-forpliktingane. Sørg for at barn og unge får lære. Og gjer det enklare for enkeltpersonføretak. Åslaug ville ha kulturarv inn i læreplanen: – Men det må vere rom for lokale tilpassingar, for bunadstradisjonen er ulik frå stad til stad. Kathy avrunda med eit ynskje om stabile tilskot, betre utdanningstilbod – og enklare kår for små aktørar.

Foto: Noregs Ungdomslag/Lene Storhaug

Neste
Neste

Reisebrev fra Paraguay