Tilbake til alle arrangementer
  
  
    
    
      
  
  
  
      
      
      
    
    
   
  
  
6.desember kjem den endelege avgjerda om kven som vert innskriven på UNESCO si liste over immateriell kulturarv.
I samband med dette oppfordrar vi lokallag, husflidslag og andre bunadinteresserte til å samle seg rundt omkring i landet og vere med å feire denne store hendinga!
Frå 18.00 - 19.30 strøymer vi live frå Sentralen i Oslo, der det blir førelesingar og takketalar i samband med innskrivinga.
Vi håper at de vil vere med og feire denne store hendinga saman med oss!
Meir informasjon finn du på sidene til Norges Husflidslag.
