Arendalsuka er ein viktig møteplass for politikarar, organisasjonar og samfunnsaktørar frå heile landet. Også i år var organisasjonane bak Unesconominasjonen Bunadbruken i Norge, tradisjonshåndverk og sosial praksis til stades, både med panelsamtale og bunadkafé.

Bunad på UNESCO, kva nå?

Under seminaret «Bunad på UNESCO, kva nå? Bunadmote og trendar, korleis møte ein marknad i utvikling?» møttest handverkarar og fagpersonar til samtale om korleis bunaden kan utvikle seg vidare utan å miste forankringa i tradisjonane.

Eit sentralt spørsmål er kva den nye UNESCO-statusen betyr for bunaden som levande kulturarv. Panelet var samde om at vern ikkje handlar om å fryse bunadstradisjonen slik han er i dag, men om å sikre at kunnskapen, handverket og tradisjonane blir førte vidare til nye generasjonar.

Camilla Rossing, direktør ved norsk Institutt for bunad og folkedrakt innleia panelsamtalen med å fortelje om den sterke plassen bunaden har i livet til mange nordmenn. Med 450 ulike bunadar, er det stort mangfald, og eit mangfald som er, og alltid har vore, i stadig endring. Det er viktig å diskutere korleis tradisjonen skal takast vare på for framtida.

Foto: Bunad på Unesco, kva nå? Kva lei går så vegen? Lill Engeseth Andersen og Solveig Torgersen Grinder.

Siri Sveen Haaland skildra bunaden som kanskje det beste eksempelet vi har på berekraftig design, der bunaden er levande og kan gå i arv, syast om og tilpassast nye generasjonar. Ho peika på at stadig fleire vel å sy delar av bunaden sin sjølv, eller kombinere ulike tradisjonar for å spegle eigen bakgrunn og identitet.

–  Dette ser eg ikkje som ein trussel mot bunadstradisjonen, men som eit uttrykk for at fleire ønskjer å ta del i han, sa Siri. Ho understreka også at digitalisering kan gjera kunnskapen meir tilgjengeleg utan å erstatte handverket.

Fleire i panelet var opptekne av balansen mellom fornying og fagleg kvalitet. Kathrine Gregersen fortalde at mange unge i dag overraskar med å vera meir tradisjonsbundne enn mange trur.

– Ungdommen er tradisjonelle. Dei vil gjerne ha det same broderiet som bestemor, sa Gregersen. Samtidig peika ho på at bunad er eit fag og eit næringsgrunnlag for mange, og at det er viktig å halde fram med å verdsetje den kompetansen fagfolka sit på. Ho uttrykte ei viss uro for kortvarige trendar og tok til orde for å halde fast ved dei lange linjene i bunadstradisjonen.

– Bunad skal følge slekters gang. Eg er oppteken av det varige. La bunaden kvile, la den vera festa i drakttradisjonen, avslutta Gregersen.

Samtalen synleggjorde også at ønsket om personleg preg ikkje er noko nytt fenomen. Historiske draktsamlingar viser at folk har variert og tilpassa detaljar i fleire hundre år. Individualitet og tradisjon har med andre ord levd side om side lenge før dagens diskusjon om bunadmote og trendar.

Interessa blant unge er stor. Mange ønskjer å sy sjølve, lære teknikkane og forstå historia bak plagga. Det gir grunn til optimisme for framtida. Skal bunaden halde fram med å vere levande kulturarv, krev det likevel at fagmiljø, organisasjonar og tradisjonsberarar held fram med å dele kunnskap, ta del i debatten og invitere nye generasjonar inn.

Etter panselsamtalen, inviterte vi til bunadkafé hjå Husfliden Arendal. Dette samla engasjerte folk og gav rom for samtalar om bunad, handverk, kunnskapsoverføring og kulturarv.

Både panelsamtale og bunadkafé arrangert av Studieforbundet kultur og tradisjon, Norges Husflidslag, Noregs Ungdomslag, Norsk institutt for bunad og folkedrakt og Norsk Folkedraktforum.

– Bunaden er noko vi har tett på kroppen. Det er eit plagg som blir forma av kroppen vår og som vi tek på oss når noko verkeleg står på spel, sa Camilla Rossing, direktør for Norsk institutt for bunad og folkedrakt, til høgre for debattleiar Ellen Krageberg. Til venstre for Camilla, står Siri Sveen Haaland  daglig leiar i Sidserk AS og Kahtrine Gregersen, Det Norske Samlaget, tidlegare husflidskonsulent og tilsett i Norsk Flid Kristiansand/Mandal. I panelet men utanfor bildet står Terje Lia, styremedlem i Norges Husflidslag, Lill Engeseth Andersen, lærling hjå Norsk Folkedraktforum og Hanne Jahkelln, generalsekretær i Norges museumsforbund.

Lærling Lill Engeseth Andersen var oppteken av god opplæring og kunnskap om kvifor bunadane ser ut som dei gjer. – Det er viktig å lære kvifor det ser t som det gjer, og har vorte som det har. Lill peika også på utfordringa med å få betalt for det tidkrevjande handverket, samstundes som kvalitet og tradisjonskunnskap må haldast ved lag.

Terje Lia, styremedlem i Norges Husflidslag la vekt på kor viktig det er å hente kunnskap frå menneska som framleis sit med erfaring og innsikt i tradisjonane. Han fortalde korleis mykje av arbeidet hans handlar om å oppsøkje kjelder, studere gamle plagg og snakke med folk som har samla og teke vare på kunnskapen gjennom eit langt liv.

– Ein stor del av jobben min er å sjarmere eldre damer frå telefonlista mi, humra Terje Lia, styremedlem i Norges Husflidslag.

Neste
Neste

Bunad for alle?