20 år gamle Josefine Ingebretsen Hauen frå Oslo starta 1. september som lærling hjå bunadsaumar Bodil Enger i Skammestein i Valdres. Bodil vart tidlegare i år godkjend som lærebedrift, og Josefine skal arbeide to år saman med Bodil for å lære bunadtilverkar-faget. Då kan Josefine gå opp til svenneprøve.
Tekst og foto: Helge Gudheim
Josefine er bunadtilverkarlærling
– Det er litt tilfeldig at eg har hamna her. Eg har ingen tilknytning til Valdres frå før, men møtte Bodil som lærar på tradisjonskunststudiet med tekstil som fordjuping i Rauland. Det er ein del av Universitetet i Sørøst-Norge (USN), fortel Josefine.
Ho seier ho synest bunadfaget er veldig spanande.
– På vidaregåande gjekk eg linja for handverk/design/produktutvikling. Der hadde me fokus på klesindustrien, og eg lurde på korleis dette med klede var før den tida. Difor har eg lyst til å lære meg dette handverket, før eg eventuelt utdanner meg meir teoretisk.
Etter svenneprøva er yrkestittelen bunadtilverkar, men ho veit ikkje om det er det ho kjem til å ende opp med som yrke. Ho seier ho reiste til Rauland fordi ho var lei av å bu i Oslo, og så gjekk vegen vidare til Valdres.
Bodil fortel at ho alltid har hatt lyst til å ha lærling.
– Men det er fyrst no, etter at eg ved nyttår fekk meg ny systove, at eg har hatt plass til å kunne ta imot nokon. Fleire har spurt om å bli lærling hjå meg tidlegare, men mange har vore eldre enn meg sjølv, og det blir noko feil når ynskjet er å sikre at kunnskapen rundt bunadtilverkarfaget skal gå vidare til dei neste generasjonane. Så når det no kom ei ung jente som vil lære eit slikt handverk, så synest eg det er hyggjeleg.
Bodil seier at lærlingen skal vera med å produsere alt frå starten, men no i byrjinga er det alle dei ulike stingtypene, pressing og enkel klypping det går i.
– Eg synest det er fint at eg kan lære vedkomande opp til å arbeide slik eg gjer det. Dette er eit fag der ein må kople teori med det praktiske. Omsaum også er ein del av faget. Og skal ein leva av dette, så må ein vera bevisst på å ha eit visst driv i arbeidet. Det er det som kjem ut av hendene våre som gjev oss "salt i maten". Me arbeider også med kostbare råvarer, og ting tek tid, seier Bodil.
Josefine får lønn i læretida, og Bodil får noko økonomisk tilskot via fylkeskommunen for å ha henne i arbeid. Det er også ekstra tilskot fordi bunadtilverkarfaget er eit tradisjonshandverk. Bodil har måtte laga ein opplæringsplan for å kunne ta imot lærlingen.
Josefine og Bodil har fleire gonger denne hausten vore på Valdres Folkemuseum for å sjå på eldre draktplagg – mellom anna fleire rullar (hovudplagg for gift kvinne). Det har ført til at Josefine held på å skrive ei oppgåve nettopp om rullane frå Valdres som ein del av deltidsstudiet Bunadbruk og folkedrakthistorie, som ho går på i Rauland no i vinter.