Eitt år med stolt ansvar
I dag markerer vi at det er eitt år sidan Bunadbruken i Norge, tradisjonshåndverk og sosial praksis vart innskriven på UNESCO sin representative liste over menneskehetens immaterielle kulturarv. Den 5. desember 2024 skreiv vi historie. Det fyrste året markerer ikkje berre eit jubileum. Det er og ei påminning om kva vi har oppnådd, kva som står att, og korleis vi saman skal sikre at den levande bunadtradisjonen får vekse vidare i åra som kjem.
Til venstre: Solveig Torgersen Grinder og Camilla Rossing heldt takketale framfor begeistra sal og heile verda på skjerm etter innskrivinga. Til høgre: Hjartelege gratulasjonar til den norske delegasjonen i Asunción, her representert ved Torbjørn Urfjell, Hildegunn Bjørgen og Inga-Lill Sundset frå Kulturdirektoratet. Foto og film: Torunn Elise Kveen.
Eit arbeid tek form
Prosjektet var ikkje ein spontan idé, men resultatet av mange års samarbeid og arbeid fram mot nominasjon. Allereie i 2017 inngjekk Noregs Ungdomslag, Norges Husflidslag, Norsk Folkedraktforum, Norsk institutt for bunad og folkedrakt og Studieforbundet kultur og tradisjon ein intensjonsavtale. Sidan samla vi inn erfaringar, dokumenterte praksis, inviterte bunadbrukarar, handverkarar og lokalsamfunn til samtalar, og arrangerte spørjeundersøkingar og workshops over heile landet.
I nominasjonen la vi vekt på to hovuddimensjonar: den allmenne bruken av bunad – fest, ritual, identitet – og handverket som må til, korleis kunnskap om tilverking, materialbruk og teknikkar blir vidareført frå generasjon til generasjon. Søknaden dekte alle fem kriterium for immateriell kulturarv: munnlege tradisjonar, utøvande kunst, sosiale skikkar, kunnskap om materiale og autentisk handverk, og Bunadbruken i Norge, Tradisjonshåndverk og sosial praksis vart innlemma på UNESCO si representative liste over menneskehetens immaterielle kulturarv.
Innskrivinga skjedde i Asunción, Paraguay, under UNESCOs 19. internasjonale møte for konvensjonen om vern av immateriell kulturarv. Dei norske delegatane stilte i bunad i fleire dagar på rad og skapte stor merksemd. Salen applauderte, gratulerte og erkjende tydeleg verdien i denne tradisjonen, både frå norsk og internasjonalt hald. Dette var ikkje berre eit symbolsk augeblink. Som våre representantar uttrykte frå Paraguay: «Nå er alle dei som har bunad på, ein del av UNESCOs immaterielle kulturarv».
Delegasjonen frå Noreg hausta mange godord, uttalige bildetakingar og stor applaus og erkjenning for bunadkulturen vår ved innskrivinga. På bildet til høgre ser vi tospannet som har leia arbeidet med nominasjonen, Camilla Rossing, Norsk institutt for bunad og folkedrakt, og Solveig Torgersen Grinder, Norges Husflidslag. Til høgre er styreleiar i Norges Husflidslag, Agnethe Syversen.
Kor står vi i dag?
Det første året etter UNESCO-innskrivinga har vore prega av både ettertanke, ny energi og målretta strategiarbeid. Vi har brukt tida til å sjå oss sjølve i spegelen: Kvar står bunadstradisjonen sterkt, og kvar er han sårbar?
Eit viktig kunnskapsgrunnlag kom med rapporten Bunad nå! Status 2025, utarbeidd av historikar Mette Vårdal. Rapporten kartlegg situasjonen for bunadproduksjon, bruk og kompetanse i Noreg, og teiknar eit meir positivt bilete enn mange hadde frykta. Produksjonen i Noreg står sterkare enn ein kunne tru, og særleg oppløftande er det at stadig fleire unge kvinner ønskjer å sy heile eller delar av bunadane sine sjølve, dersom dei får god rettleiing. Samstundes peikar rapporten på ei alvorleg utfordring: Rundt 45% av nye bunadar selde i 2024 er heilt eller delvis produserte utanlands. Det set både kunnskapsoverføring og handverkstradisjonar under press. Skal vi ta vare på denne delen av kulturarven, må kunnskapen vidareførast her heime, og vi treng fleire fagfolk, fleire systuer og fleire lærlingplassar.
UNESCO-innskrivinga har gjeve eit tydeleg løft i merksemd og engasjement. Bunadbruk og bunadhandverk har kome i eit nytt nasjonalt søkelys. I sosiale medium, i politiske forum og i organisasjonane våre ser vi ein auka interesse for rammevilkåra til bunadtilverkarar, og ei veksande bevisstheit hjå forbrukarar om kvalitet, opphav og verdien av ekte handverk. Dette er eit momentum vi ikkje har råd til å miste. Folkeopplysning og dialog har vore, og skal vera ein berebjelke i arbeidet vidare. Vi held fram med samtalekveldar i lokallag, undervisningstilbod til barn og unge, og målretta bruk av digitale plattformer for å dele kunnskap om bunadtradisjonen. Ambisjonen er at alle som brukar bunad, lagar bunad eller berre er nysgjerrige, skal kjenne seg inkludert, og kjenne at denne kulturarven også er deira.
Eitt år etter innskrivinga er vi tydelege på at dette ikkje var ein sluttstrek, men tvert i mot starten på ein ny fase. Utfordringane er reelle og mange. Mangelen på fagkompetanse er alvorleg: For få lærlingplassar og systuer hemmar rekrutteringa og fører til at for få lærer seg faget bunadtilverking. Den omfattande utanlandsproduksjonen svekkjer grunnlaget for tradisjonell kunnskapsoverføring. Samstundes arbeider mange bunadtilverkarar under skrøpelege økonomiske vilkår, og utan betre støtteordningar, investeringar og politisk medvit står framtidig produksjon på spel. I tillegg kjem utfordringa med kommunikasjon. I eit samfunn der nye generasjonar tek bunaden i bruk, må vi sikre at kunnskap om handverk, bruk og symbolikk faktisk når fram og flyt mellom generasjonane.
Bunadar kan vera særeigne og rike på detaljar, med lag på lag av handverkskunnskap. Prosjekta vi skal føre vidare skal gjera fleire i stand til å bli kjende med sine lokale tradisjonar. Frå venstre ser vi Lofotbunad frå Nordland. Foto: Astrid Waller. Til høgre ser vi ein festbunad frå Indre Nordhordland. Foto: Mona Husby.
Norges Husflidslag har, med midlar frå Sparebankstiftelsen DNB, sett i gang prosjektet Bunadglede og har valt bunad som sitt sentrale satsingsområde for dei komande åra. Prosjektet skal styrke kunnskapen om bunad og spreie entusiasme for tradisjonshandverk blant ungdom og unge vaksne. Målet er enkelt, men ambisiøst: Fleire unge skal få eigarskap til, og kjennskap til, si eiga kulturarv. Tilskotet skal gå til kurs og arrangement om bunad i husflidslag over heile landet. Her vil ungdom og unge vaksne få prøve seg på de vanlegaste teknikkane brukt i bunadane. Norges Husflidslag legg til rette ved å produsere ei handbok, ulike materialpakker og nytt materiell. Målet er å senke terskelen for å brodere, sy og reparere bunaden sjølv. Alle som ønskjer skal kunne ta del i sine lokale, ofte heilt særeigne, tradisjonar.
Medlemmane i Noregs Ungdomslag brukar bunaden sin mykje og hardt, mellom anna i leikarringar og på landskappleikar, og mange slit ut skjortene sine fortare enn den gjennomsnittlege bunadsbrukaren. I 2025 fekk Noregs Ungdomslag midlar frå Sparebankstiftelsen DNB til prosjektet Sy bunaden din sjølv. Prosjektet er retta mot ungdom og vaksne, og byggjer på ei kursrekkje i skjortesaum og ei kursrekkje i grunnleggande broderiteknikkar. Målet er å gje deltakarane kunnskap til å sy bunadsskjorter sjølve og å gje ei innføring i broderiteknikkane som blir brukte i mønsteret til Hulda Garborg-bunaden. Prosjektet startar med den første kursrekkja våren 2026.
Fagdagane i bunad og folkedrakt på Lillehammer i oktober baud på både bunadstolt fest og konsentrert øving og terping for å få dei siste detaljane på plass. Fagdagane er ein viktig arena for nettverksbygging, læring og inspirasjonsarena for bunadfagmiljøet. Foto: Torunn Elise Kveen.
Forplikting og ansvar
Når ein tradisjon blir løfta fram som verdifull på dette nivået, følgjer det eit ansvar for å gjera meir enn å feire. Bunaden er ikkje berre ein arv vi har fått. Han er ein arv vi må bera vidare. Det krev samspel mellom frivillige krefter, fagmiljø og styresmakter – og ein felles vilje til å ta ansvar for det som nå er løfta fram som ein del av kulturarven. Innskrivinga forpliktar ikkje berre organisasjonane og miljøa som har drive arbeidet fram, men også staten som kulturpolitisk aktør. Det krev handling i form av støtteordningar, politisk merksemd og vilje til investering i framtidig kompetanse. Innskrivinga er meir enn ei heidersutmerking. Ho er og ei forplikting.
Gjennom arbeidet med nominasjonen har Kulturdepartementet og relevante fagmiljø anerkjent at bunaden ikkje berre er eit privat plagg, men ein del av den felles kulturarven vår. Denne anerkjenninga inneber at styresmaktene har eit ansvar for å leggje til rette for vern, vidareføring og utvikling av tradisjonen, og eit medansvar for å sikre gode rammevilkår for handverk, opplæring og formidling. Det handlar om å støtte utdanningstilbod, sikre rekruttering til faget, og bidra til at kunnskap blir dokumentert og delt vidare.
Noregs Ungdomslag, Norges Husflidslag, Norsk Folkedraktforum og Studieforbundet samarbeider om Bunadopplæringa, ei modulrekke på seks modular som gjev ei brei innføring i praktisk bunadssaum og kan inngå i eit sveinebrevsløp. Bunadopplæringa er ein nøkkel for å halde bunadtradisjonen levande og oppfylle Noreg sine forpliktingar etter UNESCO-innskrivinga. Staten har eit klart ansvar for å leggja til rette for at modulrekka kan halde fram, med stabile rammer for finansiering, organisering og samarbeid med fagmiljøa
Kultur- og likestillingsminister Lubbna Jaffery gratulerte heile det norske folk via videohelsing ved innskrivinga, og same dag som ho skulle ha på seg «det finaste eg eier», som ho sa, nemleg bunaden sin, på oppdrag på Slottet. Jaffery la vekt på i gratulasjonen innsatsen og det nitidige arbeidet som har vore gjort av eit breitt fagfelt av frivillige og fagfolk over fleire år, over heile landet:
– Gratulerer til oss alle. No er bunaden ein del av kulturarven og ein del av UNESCO, avslutta Jaffery
For oss fem organisasjonar handlar tida framover ikkje berre om å feire statusen bunaden har fått, men om å ta ansvar. Eit særleg viktig område er fagarbeid og rekruttering. Vi vil samarbeide tett med skular, lærestader, fagmiljø og verkstader for å utvikle sterke tilbod innan bunadtilverkarfaget. Vi vil arbeide for fleire lærlingplassar og stipendordningar, og for å løfte fram fagkompetansen som både ein kulturell og samfunnsmessig verdi.
UNESCO-innskrivinga gav bunaden eit løft. Nå må vi alle gå saman om å fylle dette løftet med reelt innhald.