Header: Torunn Elise Kveen
Fagdagane i bunad og folkedrakt 2025
– Norsk drakttradisjon på verdsreise
Draktskikkane våre har reist lengre enn vi kanskje trur eller har tenkt mykje over. Frå fjell og fjord til prærien i Midtvesten har norske draktskikkar kryssa hav og tid. 200 år seinare «møtest vi att», på Fagdagane i bunad og folkedrakt.
Tekst: Torunn Elise Kveen
Årets Fagdagane i bunad og folkedrakt 2025 vart arrangert på Lillehammer, 14. og 15. oktober. Fagdagane er som ein liten minifestival år rekne for handverkarar, fagfolk og entusiastar innan folkedrakt og bunad-tradisjonar. Her får dei to dagar med inspirasjon, kunnskap og fellesskap. I år var temaet skjorter, og arrangementet tok også tak i jubileet Crossings 200 – og inviterte ein foredragshaldar heilt frå USA.
På Fagdagane står det faglege i høgsetet, men den sosial kjensla av eit oss er like viktig, der kurs, messe, omvising og festmiddag blir naturlege arenaer for både fag og fellesskap.
Bunadpynta og klare for foto, fest og feiring. Frå venstre: Helene Henriksen i Bolsøybunad, Hanne Kathrine Bratholt i Setesdalsbunad med kyrkjetæpe over skuldrene og Tone Sjåstad i Ørskogbunad. Foto: Mina Rinheim.
Frå Noreg til Amerika – og attende
Ved opninga heldt Laurann Gilbertson frå Vesterheim Norwegian‑American Museum (USA) hovudforedraget med tittelen “Migrasjon i samlingane”.
Gilbertson er sjefskurator ved Vesterheim, der ho har vore tilsett i meir enn 30 år. I dei første 19 åra arbeidde ho som tekstilkurator, før ho tok over som Chief Curator, der ho nå i over 10 år har hatt det overordna ansvaret for museet sine samlingar. Samlingane har meir enn 33 000 gjenstandar, 11 000 bøker og 14 000 fotografi- og dokumentsamlingar.
Museet har eit rikt spenn i fagleg kompetanse: frå folkekunst, handverk, folketekstil og immigrantar sin kulturarv til dokumentasjon av norsk-amerikansk historie og migrasjon. I foredraget sitt såg Gilbertson på korleis migrasjon – folk som reiste frå Noreg til Amerika – ikkje berre er historia om reisene, men òg om kva desse reiste med av kunnskapar, tradisjon, handverk, og korleis dette har funne sin plass i samlingane.
Deltakarane fekk innsikt i korleis samlingar («collections») kan fortelje historier om migrasjon: kva som er teke vare på, kva som kanskje manglar, og korleis forsking og formidling kan knyte fortid og nåtid saman. Gjennom dette fekk fagmiljøet og handverkarane på Fagdagane ei internasjonal refleksjon omkring folkedrakttradisjon og migrasjon – eit perspektiv som gjekk utover bunad- og skjortetemaet som låg i botn til arrangementet.
Utvandrarjubileet Crossings 200
Jubileet Crossings 200 markerer 200 år sidan den første organiserte norske utvandringa til Nord-Amerika. Den 4. juli 1825 sette slepebåten Restauration frå Stavanger kursen over Atlanteren med 52 personar om bord. Dette er hendinga som mange ser som startskotet til den norske utvandrings-bølga til Nord-Amerika.
Målet med jubileet er ikkje berre å minnast attende, men og å ljossette migrasjon før og nå: korleis menneske har flytta, kvifor dei har flytta, og kva det betyr for identitet, kultur og fellesskap. I samband med Crossings 200 blir det arrangert mange fagseminar, prosjekt, utstillingar og forskings-tiltak i både Norge og Nord-Amerika. Ein del av programmet er også å føre fram samtida sine migrasjonsprosessar, slik som «eitt land sin utvandrar er eit anna land sin innvandrar».
For arrangementet på Lillehammer var det naturleg å knyte Fagdagane til dette jubileet – skjortetemaet og folkedrakta har eit klart migrasjons- og kulturarvperspektiv, vi med dette foredraget fekk sett i ein internasjonal samanheng.
Bunadpynta for fotografering, feiring og festmiddag. Til venstre er leiarane for dei fem arrangørorganisasjonane samla samen med innleiar Laurann Gilbertson. Frå venstre: Magni Hjertenes Flyum, Noregs Ungdomslag, Kjærsti Gangsø, Studieforbundet kultur og tradisjon, Laurann Gilbertson, Vesterheim Norwegian-American Museum, Hanne Yndestad Aadland, Norsk Folkedrakforum, Camilla Rossing, Norsk institutt for bunad og folkedrakt, Ellen Krageberg, Norges Husflidslag. Foto: Mina Rinheim
Fordjuping og erfaringsdeling på kurs. Foto: Torunn Elise Kveen
Variert program
Programmet under Fagdagane var variert og gav rom for både fordjuping og erfaringsdeling. Etter opninga ved Laurann Gilbertson, fylgde kurs og aktivitetar på tvers av fagfelt. Linda Rongve Brunsvik viste korleis du kan arbeide med enkel uttrekkssaum og austmannarenning, Kari Anne Pedersen tok for seg smøyg og dei små, særmerkte stingmønstera som har vore ein del av drakttradisjonen i fleire hundre år. Hege Therese Nilsen delte kunnskap om kunststopping og reparasjon av bunadsskjorter, og Mary Lovise Moen viste ulike måtar å avslutte hals- og ermelinningar med aggar, taggar og tunger. Anne Lisbeth Øyseth arbeidde med skulderlaskar og kilar, og Bodil Enger synte fram korleis ein kan rynke og sy fast kragar på tradisjonelt vis.
Som ein del av programmet, kunne deltakarane besøkje Maihaugen si utstilling Impulser og delta i eit fagforum der Mette Vårdal presenterte rapporten Bunad nå, som mellom anna tek for seg korleis bunaden blir brukt og oppfatta i dag. Tysdag vart avrunda med fotografering, varemesse og festmiddag – ein sosial kveld med mykje draktprat.
Onsdag starta med Speaker’s Corner, der deltakarar sjølve fekk ordet. Deretter følgde fleire foredrag: Kari Anne Pedersen snakka om Telemarkskjorter og dei mange impulsane som har forma tradisjonen og Anne Lisbeth Øyseth viste korleis snitt og saum har utvikla seg i skjorter frå ulike område. Laurann Gilbertson heldt eit nytt innlegg om bunadbruk i USA i dag, og Mary Lovise Moen avslutta fagprogrammet med døme på nordmørsskjorter med kvitsaum – eit arbeid som krev presisjon og tolmod.
Med kurs, foredrag, diskusjonar og uformelle møtepunkt vart Fagdagane eit innhaldsrikt treff for alle som arbeider med, eller berre har eit varmt forhold til bunad og folkedrakt.
Kva betyr dette for Fagdagane?
Ved å kombinere temaet skjorter og folkedrakt med eit internasjonalt perspektiv på migrasjon – representert ved Gilbertson og Vesterheim-samlingane – fekk Fagdagane eit fagleg løft som låg utover typiske bunadkurs. Deltakarane fekk kunnskap om og døme på:
Kva som skjer med folkedrakts- og handverkstradisjonar når folk flyttar – og korleis tek dei med seg kunnskap og plagg?
Korleis museum dokumenterer og formidlar migrasjon og handverksarv – og kva rolle desse har for bunad- og folkedraktfeltet.
Korleis jubileum som Crossings 200 gir anledning til refleksjon rundt identitet, tilhøyrsle og kontinuitet – noko som har relevans også for folkedraktmiljøet, der tradisjon møter fornying og internasjonal påverknad.
For mange deltakarar vart dette med på å styrke forståinga ytterlegare for korleis bunad og folkedrakt ikkje berre er lokal drakttradisjon, men ein del av ein større kulturhistorisk samanheng – med røter, rørsler og globale koplingar.
Arrangementet er eit samarbeid mellom Norges Husflidslag, Noregs Ungdomslag, Studieforbundet kultur og tradisjon, Norsk Folkedraktforum og Norsk institutt for bunad og folkedrakt.
Migrasjon er ikkje berre er historia om reisene, men òg om kva desse reiste med av kunnskapar, tradisjon, handverk, og korleis dette har funne sin plass i og har påverka samtida og draktutviklinga i USA. Forsking og formidling kan knyte fortid og nåtid saman.
Til venstre: Alle deltakarar og arrangørar samla, stolte, bunadpynta. Foto: Torunn Elise Kveen