Tilbake til alle arrangementer

Bunadkafe

Dette er eit månadleg treff. Her får du hjelp til å brodera forklesett og skjorte til  rogalandsbunad. Du kan ta med deg eit handarbeid du har sjølv eller du kan få kjøpa ein prøvelapp til forklesett når du er der. Folk frå Bunadnettverket i Rogaland er der for å gje hjelp. Dei formidlar også bunadhistoria eller råd om bruken av bunad.

Kafetreffet er gratis. Du kan kjøpa kaffe og vafler eller anna godt i kafeen. Du treng ikkje melda deg på. Ta gjerne med deg ein ven.

Forrige
Forrige
25. september

Fagdagane i bunad og folkedrakt

Neste
Neste
6. oktober

Skakke folkedrakter