Tilbake til alle arrangementer

Skakke folkedrakter


  • Guovdageainnu gilišillju – Kautokeino bygdetun (kart)

Mange har eit forhold til bunadar, kofter og folkedrakter. Dei tradisjonsrike plagga kan skape sterke kjensler av tilhøyrsle og stoltheit, men også av utanforskap, skam og sinne.

I den turnerande utstillinga «Skakke folkedrakter» er seks samtidskunstnarar invitert til å utforske og utfordre draktskikkar, identitet og handverkstradisjonar. I prosessen har dei undersøkt motsetningar og gått i dialog med handverkarar og kunnskapsberarar. Dei har skapt sine eigne uttrykk gjennom blant anna fotografi, vev, perlearbeid, porselen, installasjonar, instrument og dans.

Resultatet er ein hyllest og eit opprør – ei utstilling om drakter som er langt frå ei draktutstilling. Ei utstilling der drakter ikkje først og fremst er drakter, men symbol og idear som formar vår tid, vår sjølvforståing, våre relasjonar til andre og vår historie.

Nasjonalmuseet og fleire andre institusjonar og museum i Noreg tek no eit djupdykk i handverket og historikken knytt til bunad, kofte og folkedrakt. Utstillinga har blitt utvikla gjennom dialog på tvers av institusjonar og fagmiljø over heile landet.

Forrige
Forrige
28. september

Bunadkafe

Neste
Neste
26. oktober

Hulda Garborg og Klara Semb: Politikk, kultursyn og arbeid